Om oss
“Me har bygd ei spesiell hytte, det finns berre ei slik hytte - det finnst berre ein slik plass - og den får du ha heilt for deg sjølv”.
Hallvard og Thomas kjem frå Gaupne, men no bur dei og arbeider med å utvikla gardane sine på Sørheim. Hallvard har stor bringebærproduksjon, ammekyr og er i ferd med å etablera ein stor eplehage med mange tusen epletre.
Thomas er i ferd med å bygge opp garden sin til sau med dei gode fjellbetia i Feigedalen som viktig råstoffgrunnlag.
Begge har som mål å nytte alle ressursane på garden på ein bærekraftig måte. Me vil at gardane skal kunne drivast til trygg og god matproduksjon i mange generasjonar framover.
Området på sørsida av Lusterfjorden ligg tett opp til verdsarven Urnes stavkyrkje og me ønskjer å skapa aktivitet som får fleire til å besøka, opphalde seg og bu på sørsida og nær verdsarven på Urnes. Med utgangspunkt i gardane våre og rettane som føl med, er dette eit unikt område for opplevingar i stille villmark utanfor allfarveg med spektakulær natur – frå fjorden, gjennom dalar med fantastiske fossefall til stille fjellmyrar og høgfjellet.
Me har brukt mykje av fritida vår frå me var små i denne villmarka. Me kjenner historia, alt frå gruvedrift, støls- og reindrift i området. Kunnskapen og erfaringane våre skal gje gjestene det unike som gjer turane til spanande opplevingar, gjerne i møte med villrein og dei beste fiskevatna.
“Jaktar du på villmark, kan du knapt finne noko betre stad”
Folka bak
Thomas Sørheim Evjestad
Hallvard Sørheim Evjestad
Hallvard og Thomas Sørheim Evjestad har heilt sidan 5-6 årsalderen hatt fjella kring Sørheim som si leikegrind.
Dei har alltid søkt etter nye opplevingar i skog og mark og ikkje minst i høgfjellet, gjerne med fiskestonga i handa. Ingen kjenner betre til fjella og dei beste fiskevatna på lustrahalvøya. Desse opplevingane og aktivitetane la grunnlaget for at dei begge var mellom dei beste langrennsløparane i landet som gute- og juniorløparar.
Dei har hoppa av toppidrettssatsinga og er i dag busett og arbeider som sjølvstendig næringsdrivande på Sørheim.
Hallvard gjekk vidaregåande skule ved NTG Lillehammer, langrenn, Høgskolen på Lillehammer psykologistudie, buisiness management ved UAF Fairbanks, Alaska. I dag er han frukt-og bærdyrkar, ammekubonde og styrar av Lerum Industrimuseum.
Thomas gjekk NTG Lillehammer langrenn, har bachelor i økonomi og juss, halvtårseining i friluftsliv med freeriding i Chamonix, og båtførarsetfikat. Han er no tømrar, sauebonde og har mellom anna mange års erfaring frå guiding på fjorden (RIB), og i skog og fjell.