Hallvard og Thomas Sørheim Evjestad har heilt sidan 5-6 årsalderen hatt fjella kring Sørheim som si leikegrind.
Dei har alltid søkt etter nye opplevingar i skog og mark og ikkje minst i høgfjellet, gjerne med fiskestonga i handa. Ingen kjenner betre til fjella og dei beste fiskevatna på lustrahalvøya. Desse opplevingane og aktivitetane la grunnlaget for at dei begge var mellom dei beste langrennsløparane i landet som gute- og juniorløparar.
Dei har hoppa av toppidrettssatsinga og er i dag busett og arbeider som sjølvstendig næringsdrivande på Sørheim.
Hallvard gjekk vidaregåande skule ved NTG Lillehammer, langrenn, Høgskolen på Lillehammer psykologistudie, buisiness management ved UAF Fairbanks, Alaska. I dag er han frukt-og bærdyrkar, ammekubonde og styrar av Lerum Industrimuseum.
Thomas gjekk NTG Lillehammer langrenn, har bachelor: økonomi og juss, halvtårseining i friluftsliv med freeriding i Chamonix, båtførarsetfikat (opp til 120 tonn).Han er no tømrar, sauebonde og har m.a. mange års erfaring frå guiding på fjorden (ribb) skog og fjell.