Bergheim

 
 

Dette er ein fin dagstur som tek om lag 3-5 timar og inkluderer ein rundtur på gardstunet.

Spesielt ein av bygningane, ”gamlestova”, utmerkar seg. Gamlestova er bygd på 1700-talet, men er framleis i original stand. Her kan ein få eit godt innblikk i korleis livet var for folk som livnærte seg på ei fjellhylle over Sognefjorden for 300 år sidan.

Etter rundturen går me ned mot stupet mot Sognefjorden. Her kviler me litt og kanskje et litt mat medan me nyt utsynet over fjorden og høyrer Feigefossen buldre berre nokre hundre meter unna.

Dette er ein tur som dei fleste kan gjennomføre. Den gir eit fantastisk utsyn over fjorden og landskapet rundt, og ikkje minst er det ei kulturhistorisk oppleving. Det er om lag 2 km å gå kvar veg på ein god traktorveg.

Gasta Design