Feigedalen

 

Feigedalsvassdraget med Drivanefossen.

 

Feigedalen er den finaste innfallsporten til Jotunheimen.

Framfor alt er Feigedalen ei naturoppleving utanom det vanlege. Det finst framleis opptrakka stiar og spor etter stølsdrift frå gardane på Bergheim, Feigum og Sørheim. Stølane ved Feigedalsvatnet har naturen ikkje heilt teke tilbake enno og sela og steinfjøsane er tause vitner til ei tid då all utmark vart nytta for å skaffa føda både til to og firbeinte gjennom året.

Uansett kva veg du tek, må du gå fleire timar (avhengig av fart) for å kome til Feigdalen.

Ved Feigedalsvatnet (934 moh).

Eventyrleg landskap ved Drivanefossen langs stien mellom Hanafossen og Feigedalsvatnet.

Feigedalen har eit mangfald og ein variasjon som me ikkje har funne andre stader.

Frå det dramatiske landskapet ved fjorden, med bratte fjellsider og buldrande fossefall opnar det seg gradvis til ein roleg og grøderik dal med stille fjellmyrar og talrike fiskevatn. Med god form og dårleg tid, kan ein ta seg gjennom dalen på ein lang dag, men om ein tek seg tid her har ein moglegheit til å gå i mange dagar, utforske sidedalar, fjellområde og fiskevatn, utan mobildekning, og mest truleg utan å møte andre folk.

Ein deler desse områda med sauer på beite, villrein og hjort. Rovdyr er det heldigvis lite av, men rovfugl som ørn og ravn er vanlege syn. Vidare oppover dalen avtek vegetasjonen og ein kjem opp i høgfjellet. Der dalføret sluttar står ein ved foten av Hurrungane, eit av dei mest alpine og dramatiske fjellområda i landet.                    

Gasta Design