Bergheimsnosi
Bergheimsnosi er eit av dei mest ekstreme utsiktspunkta over Lustrafjorden. Her kan ein sjå heilt ut til Årdalsfjorden i sør og vidare innover mest til enden av verdas lengste fjord.
Toppen av Bergheimsnosi ligg 900 moh og frå fjorden og opp er det lettast tilkomst via høgdegarden Bergheim, som ligg 350 moh.
Frå fjorden ved Talsete er det god traktorveg til Bergheim.
Frå Bergheim kan ein gå langs stien mot Bergheimsstølen, som fører vidare innover Feigedaleen. Når ein er oppe på Bergheimsstølen har ein teke nye 200 høgdemeter. Bergheimsstølen var vårstølen til dei to gardane på Bergheim. Dette var ein fin støl med fine slåttemarker innramma av imponerande gråsteinsmurar.
Men diverre er det lite att å sjå av sjølve stølen. Stølshusa er nærmast heilt borte, berre dei trauste murane står att. Diverre er også stølsvollane grodd att og er for det meste dekka av planta granskog.
Turen vidare går langs stien innover ca 500 meter, før ein tek av til venstre og startar klatringa opp Stølsgjelet. Dei siste 400 høgdemeterane er krevjande og går i bratt skogsterreng med delvis sti.
På toppen får ein ei fantastisk utsikt og vidsyn over store delar av kommunen og fjella i kring. Ein har loddrette fjellsider under seg på tre kantar.