Holtane

 
 

Holtane er eit spektakulært fjellparti 1500 meter rett over Sørheim og Lustrafjorden. Turen er tung og krevjande, og definitivt ei oppleving ein seint vil gløyma.

Me går via Bergheim og Bergheimsstølen, vidare opp til Bergeimsnosi. Frå Bergheimsnosi er det ikkje sti, men dei lokalkjende guidane viser vegen opp forbi fleire hamralag og moltemyrer til Middagsskaret.

Når ein er komen so langt, er mykje av stigninga gjort og ein går med eit fantastisk utsyn over Lustrafjorden og fjella ikring.

På vestsida har ein stupbratte fjellsider 1500 meter rett ned i fjorden, i nord ser ein rett inn i Hurrungane og i aust varierer landskapet i rullande dalar med mangfoldige fiskevatn og fjellmyrar.

Fjellsida frå Holtane og ned mot Sørheim er so bratt at snøen ikkje heng på om vinteren, men det vert sagt at ein arbeidskar som budde på Bergeim på 1800-talet brukte å gå beint ned her då han bar smør frå stølane og heim til gards. Prøv den som vil.

Når ein har nådd toppen kan ein velge om ein vil snu og gå same veg tilbake eller om ein vil fortsetje ned i Kapitledalen og inn på den gamle kløvjavegen mellom Sørheim og Feigedalen.

Bestefar fortel at han hugsar at tråkka etter hestane var så djupe her at kløvi subba nedi somme stader, men i dag skal ein vera godt kjend for å finna stien. Frå Lambamyri derimot er det god sti gjennom skogane ned til fjorden.

På denne turen må ein rekne med å vere ute heile dagen. Me vil anslå rundt 12-14 timar.

Gasta Design